– Det blir spennande å sjå korleis kebony-kledninga har endra utsjånad om ti år, seier prosjektleiar i Skanska, Carina Schrøder. Til venstre for det teglkledde søppelrommet er hovudinngangen under bygging.
Del |

Varig venleik

Ingress-Artikkle: 

Når Øyane distriktspsykiatriske senter endeleg flyttar inn i nytt bygg på Straume utanfor Bergen, blir det plass til både poliklinikk og ein etterlengta sengepost. Men for byggherren har det også vore viktig å få eit bygg som er til glede for auget.

–Det kunne nok ha vore brukt enklare løysingar her og der, men med dei føringane vi har fått, blir det eit fantastisk flott bygg. Og for ein entreprenør er det artig å få noko å bryne seg på, seier prosjektleiar Carina Schrøder i Skanska, som har totalentreprisen på bygget.

Bygget ligg høgt og fritt, men vêrutsett, til ytst på ein knaus på Straume, i eit område som frå før husar omsorgsbustader og andre helsefunksjonar. Bruttoarealet på 4700 kvadratmeter, inkludert 31 parkeringsplassar for tilsette i kjellaren, er fordelt på tre etasjar. Ein fløy er sett av til døgnbemanna sengepost, i den andre delen av bygget blir det poliklinikk og kontor til administrasjon, samt ei stor kantine og andre fellesfunksjonar.

På austsida blir det veg ned til tilsettparkeringa i kjellaren. Utanfor kantina til venstre vil det bli uteplass med grøntanlegg.

 

Minimalt vedlikehald

Klimatilhøve og estetikk har vore avgjerande for dei litt spesielle materialvala utvendig. På nordsida er det brukt ein kombinasjon av teglstein i ein delikat mellomgrå farge, og fasadeplater av sink. Fasaden mot sør, der hovudinngang og gjesteparkering ligg, har kebony-kledning, som er vedlikehaldsfritt utover normal reingjering.

–Trekledning som er behandla med kebony er mørk når vi legg det på, og får ein lysare patina med tida. Utsjånaden forandrar seg med vêret og gjev fasaden eit levande, variert uttrykk, fortel Schrøder.

Bygginga tok til i januar 2010. Det er Fjell kommune som er byggherre, men bygget vil bli disponert av Helse Bergen som har ei langsiktig leigekontrakt med kommunen. Fjell kommune vil disponere ein liten av 2. etasje til eit psykiatrisk team. Dei totale prosjektkostnadane ligg på om lag 108 millionar kroner. Bygget vil bli overlevert i seksjonar. Døgneininga, som er det mest prekære, skal overleverast 16. mai.

 

Enkelt og dekorativt

Døgneininga har eigen inngang og 20 pasientrom på om lag 17 kvadratmeter inkludert bad. Romma har belegg på golvet og fliser på badet, og er utført etter prinsipp for universell utforming, og dessutan for å unngå alle faktorar som kan medføre fare for pasientane. I enden av fløyen ligg to leilegheiter for pasientar som treng butrening. Dei same materiala går att både i pasientfløyar og kontorfløyar, med golvbelegg på rom og kontor, og fliser i fellesareal som trapper og resepsjon. Dei same lyse fargane er brukt på alle veggar, med unnatak av bakveggen i hovudtrappa, som har fått ein frisk limefarge som lyser opp vestibylen. Alle dører er utstyrt med ein av tre mørkare fargar i eit system som signaliserer kva del av bygget ein er i. Detaljar i bjørk går att i bygget, i dørlister, benker og korridorpanel. Bygget har fire trappesjakter og to heisar, ein i døgneininga og ein attmed hovudtrappa ved resepsjonen. Kontorkorridorane er utstyrte med minikjøkken.

–Reint byggteknisk er ikkje dette eit komplisert oppdrag. Dei utfordringane vi har støtt på, er nok typiske for alle typar helsebygg. Det gjeld først og fremst omfattande elektroarbeid med alarmar overalt, og med ulike regime for tilgang mellom ulike avdelingar, seier Schrøder.

Døgneininga har to pasientleilegheiter med kjøken.

 

Terapeutisk panorama 

Elektroarbeidet blir utført av Algrøy Elektro AS. Berre betongarbeida er eigenproduserte, alt anna er sett ut til underleverandørar. Det har medført ein stor koordingeringsjobb. I den travlaste perioden har mellom 60 og 70 personar vore på jobb. Leverandøren av tømrararbeidet, Byggmesteren Vest AS, har åleine hatt 30 personar på plass.

–Vi overtok ei ferdig utsprengt og planert tomt, og har ikkje støtt på store problem i byggeprosessen. Den viktigaste utfordringa har vore å få alle faggruppene til å jobbe effektivt saman, seier Schrøder.

Nærleiken til naturen er ivareteke ved at det er lagt inn rikeleg med moglegheiter for å trekke frisk luft. Ved dei fleste inngangar er det små uteplassar dekte med marmor, og i andre etasje er det fleire balkongar med tilkomst frå fellesrom. Utanfor kantina vil det bli uteplass med marmorplate, med eit grøntanlegg omkring. Prikken over i-en er ein dråpeforma terrasse for enden av bygget mot vest, med granittheller og med panoramautsyn over fjord og fjell.

På terrassen utanfor døgneininga mot vest kan brukarane nyte ei av Hordalands beste utsikter. 

 

Frå gass til varmepumpe

Skanska har fått gjennomslag for å endre energiløysinga frå gassen som gjekk inn i dei opphavlege planane. Grunna tekniske vanskar med gassløysinga og eit generelt ønske om meir framtidsretta og miljøvenlege energiløysingar, blir det i staden luft-til-vatn varmepumpe og radiatorar på alle rom som kan overstyrast sentralt. I tillegg kan ein el.kjel koplast inn ved behov. Varmepumpa blir plassert i hjørnet utanfor administrasjonsfløyen, med dempeplater bak for å hindre lydrefleksjon ut frå veggen.

–Det blir alltid litt hektisk når det går mot slutten. Det står att litt utvendig arbeid som måtte utsettast fordi vinteren kom tidleg, og ein del elarbeid. Men når det står ferdig, får byggherren eit stilig bygg med gode, varige kvalitetar, meiner Schrøder.

Tiltakshavar, prosjekterande, utførande og leverandørar:

Tiltakshaver: Fjell Kommune

Totalentreprenør: Skanska Norge As

ARK: Ottar Arkitekter As    

RIB: Holst & Valen  

Brannkonsulent: Sweco

RIV – Vent: Gk Norge As

RIV – Rør: Tecmentor (Sartor Vvs)

RIV – Sprinkler: Anders O. Grevstad         

RIE: Algrøy Elektro As        

Grave- Sprengningarb: Vassbakk & Stol As

Oppmåling: Skanska Survey 

Rørlegger (Inkl. Varme): Sartor Vvs As      

Ventilasjonsarbeider: Gk Norge As

Elektroarbeider: Algrøy Elektro As

Sprinkleranlegg: Anders O. Grevstad

Heis: Scan Heis As

Stålarbeider: Skv As

Betongelementer: Spenncon (Hd)

Betongelementer: Con Form (Trapper)

Systemhiml, faste himl, foldevegg: Innomhus As

Taktekking: Fløysand Tak As

Gulv på grunn: Hummervoll Industribelegg As

Låser, beslag: Låsgruppen Wilhelm Nielsen As

Tømmerarbeider: Byggmesteren Vest As

Parkett: Bo Andren

Gulvbelegg: Gulvlegger Paul I Kronheim

Blikkenslager: Bygg og Ventilasjon As

Tredører, Ståldører: Daloc

Muring, flisarbeider: Murmester Tor T. Pedersen As          

Rekkverk: Smihuset As

Kjerneboring, saging: Arna Betongsaging

Brannisolering, branntetting: Kaefer

Solavskjerming: Fram Persienne og Markise As

Anleggsgartner: Anleggsgartnermester Wikholm As

Avfallshåndtering: Veolia     

Maler: Fasade & Interiørgruppen     

Diverse utstyr: Uco   

Kopiering: Allkopi As           

Vinduer, Vindusdører: H-Vinduet Magnor As       

Mobilkran: Jarland Kran

 


Alle artikler

Entra Eiendom tar krafttak for å energieffektivisere sine bygg i Bergen .

Franzefoss skifter leverandør av arbeidstøy og verneutstyr for hele konsernet, og valget falt på ProffPartner.

Bare en av 20 norske bedrifter er forsikret mot at viktige ledere og medarbeidere kan bli borte. 

NCC Construction skal bygge Brøttum barne- og ungdomsskole i Ringsaker kommune. Kontrakten er verdt 138 millioner kroner eks.mva.

Peab, NCC og Skanska er store, utenlandske selskaper som kom inn på det norske markedet på 90-tallet. Nå kommer flere av de store internasjonale aktørene etter, og KPMG varsler oppkjøpsboom.